småjentene var komt i ei pulje med Bremanger og Florø 2, der spelte dei dobbelserie og to kampar mot kvar av dei laga. vi starta mot Florø2, og her var det einveiskøyring og seier 7-0, her sløsa jentene med målsjangsane, her kunne seieren vore mykje større, men dei gjorde ein meget god start på turneringa. neste kamp var mot Bremanger, her møtte vi sterkare motstand men vant til slutt 1-0 etter mykje sløseri på sjangsane, vi hadde ein ball til i nettet, men der ville ikkje dommaren godkjenne det målet, dei to neste kampane var mot dei samme laga, og merkeleg nok vart resultata akkurat dei samme, vi gjekk til semifinalen mot tambar, no var jentene i storform og her vart det 4-1, også her hadde vi mange sjangsar som gjekk i vår disfavør, og her hadde tambar ein meget god og heldig målvakt,
finalen vart mot Førde, og her var jentene topp motiverte, men var begynt å vise at dei har spelt mange kampar,og var litt trøtte i beina, men dei kjempa seg gjennom kampen og gjekk opp til 1-0 og 2-0 før Førde reduserte til 2-1, rett etter det, så gjekk vi opp til 3-1, og hadde full kontroll på kampen, Førde fekk seg ei redusering rett før slutt, og sluttresultatet vart 3-2.
i denne kvalikken viste jentene kva dei kan, dei viste at dei kan spele god fotball, og dei hadde ein flott lagmoral, forsvaret var meget godt, her hadde vi full kontroll over motstandarane, som blei frustrerte den eine etter den andre, og ikkje minst dei scora mykje mål. totalt i dag så var målforskjellen 23-3 ! og det står det respekt over i ein KM-kvalikk.
neste store oppgåve er KM-sluttspelet i Måløy 6 mars, men med denne innsatsen, så kan jentene gjere det godt der. Vi Gratulerer jentene med dagen, og ynskjer dei lukke til 6 mars.
dei som var med var: Marita Jacobsen, Syniva Alsaker, Miriam Haugen, Sandra Strand, Emilie Rotihaug, Eline Norstrand.