Det hadde ikkje gått meir enn 3,5 minutt av kampen før vi høyrte nokre fæle hyl. Alle snudde seg ut mot bøen, for å sjå om ei kyr skulle kalve, men ingen kyr å sjå. Vi såg rundt oss, og der er Haugen nede for telling med volsomme smerte. Han må ut, og maktar ikkje spele resten av kampen. Men han var ein enorm motivator ute frå benken, prata til oss heile kampen igjøna!
Det neste som skulle skje i kampen er at Kristoffer skyt å treff tverrleggjaren og ned på strek før han sprett utatte i felte, og Sandane får klarert. Kanskje ballen var innforbi, kanskje ikke. Dommaren blas ikkje for mål iallefall. Etter dette hadde vi nokre fine opprullingar og brukbare sjansar, og vi trudde samtlege at vi skulle få ei kanonavsluttning på sesoen. So feil kan ein ta!
Dødballer. Ahil sitt mareritt gjennom mange år! På Sandane sine første to dødballer som dei får slått inn i feltet, endar i mål. Før dødballen blir slått har alle kvar sin mann, men så begynner motstandarane å bevege på seg i feltet, og vi blir ståande igjen å lure på kva i svarten vi no ska gjere. Før det har gått opp for oss at vi må følgje etter, så er ballen imål. 0-2 på grunn av dårleg markering.
Etter ei stund får vi frispark på midtbana, da Arne blir dytta i ein duell. Stian Nilsen teke frisparket, sler mot keeper. Sandane reknar med keeper har kontroll, men Kristoffer får eit lite haue på ballen, og får endra retning. 1-2! No reknar vi med eit stormlaup, for vi hadde eigentleg god kontroll ellers på kampen.
Litt etter reduseringa rullar vi fint opp på sida til Ole Martin, som fyre av frå omlag 25 meter, centimeter til siden for mål. Hadde denne gått til venstre for stolpen, istadenfor høgre, hadde det vore 2-2. Keeperen til Sandane var sjanselaus på dette kanonskotet.
Rett før pause, var det dødballtid for Sandane igjen, og dermed stod det 1-3 til Sandane til pause.
I pausen fekk vi skryt av Haugen, noko som kjendest godt. Vi fekk opp sjølvtilliten igjen, og ville utpå å vinne kampen. Men - før vi hadde summa oss slo Sandane eit frispark inn i feltet, 1-4 og lufta gjekk sakte men sikkert ut av oss.
20 min ut i 2.omgang, får Helge Solheim eit skot omlag 20 cm under navlen. Han går rett i bakken, etter grimasane og lydane som kom, så var dette ikkje godt. Litt etterpå bytta han og Frank på å stå i mål. Også i denne kampen måtte vi la teste keeperen vår ved å la han prøve seg mot ein straffetakar. Straffa var ikkje noko å sei på, og kanskje vi var heldig som slapp unda med kort.
Til slutt blei stillinga 1-7. Hadde det ikkje vore for ein god dommar, Per Olav Erikstad, som hadde god oversikt på offsider - så kunne det vore meir. Spissane og vingane deira var raske og tekniske.
Til slutt - Ahil sin beste spelar! Panzer-Hovden!! Det er heilt utrulig å sjå kor den karen jobbar. Uansett om stillinga er 0-0, eller om det er 12-1 til motstandarane, så gjer han 100% uansett. Idag følgte han vingen sin på lange sure løp heile kampen igjennom. Knallharde taklingar, og dei fleste er reine. Dersom alle på laget hadde spelt sesongen gjennom med Panzer-Hovden si innstilling, so hadde vi vore i 5.divisjon neste sesong. Er ikkje ein einaste lag som hadde tørt stille mot oss dersom vi var 11 av hans kaliber.
No er sesongen slutt, og godt er det.