Askvoll og Holmedal gikk ut og skulle spele like god fotball som dei greidde i forrige kamp mot hyen forrige tirsdag.
AHIL starta kampen aller best og vant dei fleste duellane på midten og i forsvaret. Men Gaular kom også til nokre sjangser i begynnelsen, men den fikk Frank ei hand på og slått til corner. Gaular fikk også ein kjempe sjangse rett etter og kom aleine mot keeper. Men han tok Preben seg av sette inn ei skikkelig takling reint på ball.
Så var det AHIL som skulle komme med sjangser. AHIL pressa Gaular bakover på bana og kom til fleire muligheter, men blei avverga til corner. Den blei slått inn på bakerste og ballen datt ned og Jan Erlend Haugen fikk skote den i mål. 1-0 til AHIL.
5-10 min seinare fikk AHIL frispark på midtbana. Ingen hadde trudd det skulle bli nokon farlig sjangse, men Stian Nilsen skaut. Keeper roper keeper og kolliderer med ein forsvarspeler og ballen går i mål. 2-0.
AHIL styrte det meste og vant dei fleste duellane i heile første omgang.
AHIL ville gjere en like god omgang men blei pressa litt meir bakover.
Den våte bana i kveld gjorde det vanskelig for spelarane og blei en del susande taklinger som iførte gule kort.
Gaular jaga ei scoring og fikk nesten det. Dei fikk ei mål i midten av andre omgang men dommaren dømde frispark like før den gikk i mål. Frisparket blei det ikkje nokon farlige sjangser ut av.
Målet til Gaular kom på straffe. Straffa var kanskje i billigaste laget men straffa blei det og det var nokre få cm ifra at Frank redda straffa.
Dei siste fem-ti min var det ein kamp om å holde fokus og ikkje sleppe Gaular til fleire farlige sjangser. Haugen pådro seg sitt andre gule kort når det var en fem min igjen og vi måtte avslutte med ti mann.
Gule kort:
Frode Hovden
Tor-Erik Selvik
Jan Erlend Haugen(to gule, rødt kort)
Laget til AHIL:
Frank Eimhjellen, Helge Solheim, Stian Nilsen, Preben Nilsen, Frode Hovden, Ole Martin Mandelid, Arne Vårdal, Jan Erlend Haugen, Tor Erik Selvik, Kim Rudi Kristiansen, Markus Rivedal.
Neste tirsdag reiser AHIL 2 til florø for å teste formen mot serieleiaren.