|
|
| hovudsida |
sesongen |
om klubben |
fanzine |
diskusjon/konkurransar |
gjestebok |
kontakt oss |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
6.div: Hyen - Askvoll/Holmedal 1-1 (0-0)
Sjeldan har eit b-lag levert sterkare laginnsats, det var ikkje ein mann som ikkje leverte ein god kamp mot Hyen, synd då at Hyen utlikna på overtid i andre omgang. Publisert 27.08.2008 av Øystein Endestad.
Laget: Frank Eimhjellen Erling Endestad Preben Nilsen Stian Nilsen Frode Hovden Ole Martin Mandelid Arne Vårdal Jan Erlend Haugen Tor Erik Selvik Kim Rudi Kristiansen Markus Rivedal Øystein Endestad
Vi mønstra 12 mann til denne kampen, Preben, Markus, Frank, Ole Martin og Kim Rudi kom rett frå ein fjelltur på skulen i Dale. Det skulle ein ikkje tru når ein såg innsatsen og moralen til dette laget. Det var ein heilt anna innstilling til denne kampen enn vi har sett tidlegare i sesongen. Kvar mann gav alt, vi var tidleg opp i Hyen og dei fekk lite rom og tid å spele fotball.
Målet vårt kom midtvegs i andre omgangen, det var eit solid skudd frå Markus som gjekk rett i mål.
Hyen pressa oss tilbake i slutten av kampen, men solid arbeid frå oss gjorde at dei ikkje kom til dei store sjansane før på overtid. Då var eit innlegg frå venstre heada i mål på bakerste stolpe. Trur det var ein markeringssvikt inne i bildet.
Dagens beste mann gir vi til Frode Hovden, han var solid på backen og grusa dei fleste forsøk frå Hyen på oppspel.
<< til hovudsida
|
|
|
|
AHIL-EKSTRA
For statistikker og litt meir utfyllande informasjon om 4.divisjon og a-laget stikk innom desse AHIL-sidene! HER
|
|
|
|
|
|
|