Det var ei veldig tørr og støvete grusbane som venta oss i Naustdal denne kvelden, det har som kjent vore tørrvær ei stund og det merkast på bana. Som ellers var jamn og fin. Dagens dommar var Ragnar Åmot som sortert under Jølster IL.

Vi hadde årets beste mannskap, Andreas Helle og Jim Skarstein i spissen for den grønne arme, motstanderen stilte mannsterke, dei hadde heile 18 mann oppført på dommarkortet. Kaptainen deira ein ikkje ukjent Jon Eivind Nygård kom slentrande 25 minutter før kampen.
Kampen starte med masse fram og tilbake, begge lag ville mykje, men klarte ikkje å tilrive seg det store overtaket. Askvoll/Holmedal var nærmast i første omgang då Espen Ask kom åleine med keeper. Skuddet smell i stolpen og ut på bana igjen, der er ingen grønne til å setje returen i mål. Tambarskjelvar hadde knapt eit farleg skudd på Frank i denne omgangen, som var sjansefattig og der midtbana var ofte i bruk.

I andre omgangen fortsetter trenden frå første, men det er Askvoll/Holmedal som skaper sjanse tidleg i omgangen, Tor Erik Selvik har alle tiders mulighet når han blir spelt fri på 16 meter, men i staden for å setje ballen i eit av hjørna setter han ballen midt på keeper. Noko seinare i kampen kommer Kristoffer til kampen største sjanse, han klarer å setje ballen utanfor frå få meter åleine med keeper.

Mot slutten av kampen lager vi veldig mange unødvendige frispark rett framfor 16 meter, dei siste 5 minutta blir det fire ganger forsøkt frå 16-17 meter, men utruleg nok klarer ikkje Tambar å få satt eit einaste av skudd på mål.

Kampen ebba ut med 0-0, noko som i følgje Haugen er ganske so sjeldan kost i 6.divisjon, underteikna kan i allefall ikkje hugse noko liknande på ei stund, i allefall ikkje for AHIL.